Jeg har produsert en film, for norsk TV om den vanskelige situasjonen for laksen i Norge. Den kommer dere til å finne på nettsidene til NRK. www.nrk.no/utinaturen
Men foreløpig finnes en teaser her.
http://www.vimeo.com/22889022Omtale
Dette er ein oppdrettar, seier Tore, og Kenneth Bruvik grip straks ein stein og
drep han. Han
vil aller helst fiske villaks, og han blir ellevill av glede
når ein ekte laks har bite på. Men villaksen drep han ikkje, for
Kenneth fiskar ikkje for matauk. Han er i Daleelva saman med entusiastane i Dale
jakt og fiskarlag, som i fleire år har gjort ein stor jobb for at ikkje
Dale-laksen skal døy heilt ut.
TruaDaleelva, nær Bergen, er ei
av dei 193 elvane i Norge der laksestamma er enten redusert, trua eller heilt
borte. Det er blitt færre av villaksane som klarer å kome seg ut i havet og
tilbake til elva. Dessutan er mange av laksane som kjem opp i Daleelva,
oppdrettslaks og i fjordane utanfor Daleelva er det mange
oppdrettsanlegg.
Idealistane i Dale jakt og fiskarlag har i fleire år
drive med yngelproduksjon. Kenneth blir med dei og grev fleire tusen befrukta
øyerogn ned i elva og håper at mange av dei skal leve opp og kome tilbake til
elva som stor laks.
LaksejegerenKenneth Bruvik lever og
andar for at villaksen skal få betre kår. Han veit at skal han få mange gode
villaksopplevingar i framtida, er arbeidet til entusiastane i Dale svært
avgjerande.
Kenneth si fiskeglede er enorm og smittande, og ei av dei
største opplevingane hans er når han får bere ein kjempestor villaks-han uti
elva igjen, halde han roleg der og seie farvel til han når han sig ut av hendene
hans.
Redigeret af regissør - 02 Maj 2011 kl. 15:26